SPAR Jølstraholmen søkjer ferskvaresjef
Om stillinga
I SPAR er vi opptekne av å gi kunden det vesle ekstra gjennom god personleg service. Vi legg vekt på lokal tilhøyrsle og søkjer deg som vil vere med å skape den beste lokale handleopplevinga – kvar dag, heile året, for kvar einaste kunde.
Vi søkjer no ein ferskvaresjef som skal jobbe tett saman med butikksjef og resten av teamet for å skape gode kundeopplevingar og resultat.
Vi ser etter deg som gjerne har erfaring frå kjøkken eller butikk, og som har genuin interesse for mat. Vi ønskjer å vere kunden sitt førsteval – og håpar du vil vere med å innfri det. Kreativitet og engasjement set vi òg pris på.