SPAR JONDAL søkjer Butikksjef
I SPAR er vi opptekne av å gje kunden det unike ved å tilby god og personleg service. Vi legg vekt på lokal tilknyting og eit godt utval av lokale råvarer.
SPAR Jondal ligg sentralt på ferjekaia i Jondal. Vi kan tilby daglegvare med ferskvare, varmdisk og salatbar, nysteikte bakevarer, catering, bensin/diesel til bil og båt og apoteksal. Som eit trafikk-knytepunkt for trafikk aust-vest via Haukeli og Hardangervidda, er vi lett tilgjengelege. I sommarsesongen er det meir enn tredobla trafikk med auka turisme og tilreisande. Vi har søndagsope 1. mai – 31.august.
No søkjer vi etter ein Butikksjef som vil vera med å skape den beste lokale handleopplevinga, kvar dag - heile året, for kvar einaste kunde.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing
- Utarbeide vaktlister
- Dagleg drift
Ønska kvalifikasjonar:
- Du er systematisk, sjølvstendig og resultatorientert
- Du har gode samarbeidseigenskaper
- Du har stå-på vilje, godt humør og er serviceinnstilt
Vi kan tilby:
- Interessant stilling i eit hektisk og triveleg miljø
- Opplæring gjennom SPAR-kjeda sine utviklingsprogram
- Løn etter avtale
- Eit lokalmiljø utan rushtrafikk, kø og støy
- Trygge oppvekstvilkår for barn med barnehage og skule i nærleiken
- Hjelp til å skaffe bustad
- Nye og gode treningsfasilitetar
- Flott turterreng og tilgang til Folgefonna
Meir informasjon om Spar: Spar.no
Vi håpar å høyre frå deg!
Send oss CV og søknad der du skriv litt om deg sjølv via søknadslenkja. Vi kan gjennomføre bakgrunnssjekk via Semac.